I verda i dag lever over 35 millionar menneske under slaveri, dette førekommer og i Noreg. For Freedom er ein organisasjon med base i Bergen som gjennom forebygging og behandling av offer, jobbar for å få dette talet ned. Kvart år arrangerer dei For Freedom aksjonen for å samle inn pengar til dette arbeidet. Eg deltar i år på Running for Freedom, eit sponsorløp rundt lille lungårdsvann, der eg vil springe flest mogleg rundar for å samle inn mest mogleg pengar.
Ynskjer du å vere med å støtte kan du enten gi eit eingongsbeløp, eller om du ynskjer å utfordre meg: gi eit visst antal per runde eg spring rundt. Løpet varer rundt ein time og formen er heilt passe. Om du har eit gøy kostyme er eg og villig til å selje ei viss verdighet for rett pris.
Håpar du vil være med å støtte!